Aurlandsprisen 2014 – grunngjeving for tildelinga av prisen

Aurlandsprisen 2014 – tildelt  ARNE VEUM – for sin mangeårige innsats som redaktør av bladet Aurlendingen, og som på ein framifrå måte synleggjer Aurland langt utover bygda sine grenser.

Bladet Aurlendingen kom ut første gong i 1995 med Arne Veum som redaktør, og har i 2015 20- års jubileum.

Aurland kommune hadde nokre år tidlegare gitt ut eit informasjonsblad som dei kalla Kommunenytt, og som seinare vart til Aurlendingen. Bladet kom då ut nokre gonger i året til det vart lagt ned.

Før Arne Veum starta opp bladet Aurlendingen, hadde han skrive litt for avisa Hordaland og seinare for Sogn Avis. Han tykte dette arbeidet var kjekt, og ønskte å driva med det på meir fast basis.

Då fekk Arne Veum ein ide om å starte eit lokalt blad. Han lanserte ideen for tidlegare ordførar Ivar Bjarne Underdal. Ordføraren  tykte det var ein god ide, og meinte at eit slikt blad i kombinasjon med informasjon og redaksjonell fridom ville vera eit eigna medium med større interesse enn eit reint kommunalt produsert blad.   

Bladet Aurlendingen har kome ut ein gong i månaden, unnateke august. Bladet har utvikla seg gradvis med meir farge og fleire sider. Bladet har til vanleg 28 sider. Det redaksjonelle innhaldet har òg utvikla seg i desse åra. Aurlendingen er med på å setja søkjelys på saker som har mykje å seia for utviklinga av bygdesamfunnet. Bladet gjev eit godt innblikk i det som hender i Aurland.

Aurlendingen vert ofte sitert i Sogn Avis og NRK, det viser at bladet har interesse langt ut over vår kommune sine grenser.

Arne Veum er ofte å sjå med kamera og notatblokk. Alltid lik rask og lett på foten og intervjuobjekta må svara tilsvarande kvikt .

Arne Veum driv og som frilans journalist i tillegg til redaktørjobben i Aurlendingen. Han leverer mange artiklar til Sogn Avis, men og til andre media. Denne nyhendeformidlinga er viktig for Aurland.

Arne Veum seier sjølv at det er viktig å vere medviten at eit blad som kjem ut såpass sjeldan må vere etterretteleg og skikkeleg i si form. Dette lever han godt opp til.

Me er stolte over å kunne heidre innsatsen til Arne Veum med Aurlandsprisen for 2014.