Aurland Ressursutvikling AS er eit utviklingsselskap i Aurland kommune som er eigd av:
Aurland kommune – 40%
SIVA Eigedom Holding AS 37,5%
Hurtigruten ASA 12,5%
Aurland Sparebank 10%.
Selskapet har ein aksjekapital på kr 49.150.000, og er engasjert i utviklinga av Flåm som reisemål. På kort sikt er selskapet si viktigaste oppgåve å medverka til oppbygginga av merkevara Flåm og naudsynt infrastruktur for å få til ein attraktivitet i ein konkurranseutsett marknad. På lengre sikt skal selskapet i tillegg driva forvalting av eigedomar og medverka til utvikling av forretningsverksemd knytta til anlegga som er utvikla, og miljøet kring desse. Dette skjer gjennom dotterselskapa.
Styret:
Ivar Bjarne Underdal – leiar
John Bottheim
Johannes Dalsbotten
Knut Sevaldsen
Rolf Sandvik.
Dotterselskap og andre selskap der Aurland Ressursutvikling er medeigar: