Med atterhald om tilgang på lærarkrefter, vil skulen ha følgjande tilbod i skuleåret 2012/13:
Biletkunst
Opplæring i teikning og måling med akvarell og akrylfargar. Det vert lagt opp til praktisk arbeid i grupper med fagleg rettleiing frå lærar.
Musikkleikestove
Dette er eit tilbod for born i 1. klasse. Undervisninga går føre seg i gruppe, med vekt på song, rørsle, dramatisering og leik.
Grunnopplæring
Byggjer på prinsippa frå musikkleikestova, og er eit tilbod til dei som går i 2. klasse. Her vert det lagt vekt på ei allsidig musikalsk utvikling. Musisering ved hjelp av ulike instrument.
Hardingfele
Undervising i slåttespel etter tradisjonelle opplæringsmåtar stort sett utan notar.
Messing
Opplæring på alle typar messinginstrument. For nybegynnarar vert undervisinga på kornett, althorn eller tenorhorn.
Piano klassisk
Opplæring for nybegynnarar og vidarekomne.
Song klassisk
Undervising i song gruppevis eller åleine.
Toradar
Opplæring utan notar, retta inn mot folkemusikktradisjonen.
Trekkspel
Opplæring i vanleg trekkspel (med standardbass) og akkordeon (med melodibass).
Bandopplæring
For elevar på musikktilbod knytt til band vert undervisning og timeplanar organisert slik at alle får både individuell undervisning og samspel i band. Grupper på 6 elevar har undervisning i ein bolk, og har samspeløvingar som del av undervisningsopplegget.
Gitar
Tilbod om undervising på el-gitar retta mot samspel i band,Besifringsspel og improvisasjon
Bassgitar
Undervising på el-bass for samspel i band
Piano/Keyboard
Undervising retta mot samspel i band
Song
Undervising i song retta mot bandsamspel
Slagverk