Fredag 8. oktober var folkevalde invitert til involveringsmøte med gruppearbeid og SWOT-analyse. Då leia HR/personalrådgjevar, Turid Stigen Sørensen, dei folkevalde gjennom ei analyse med fokus på den interne kommunikasjonen i Aurland kommune. Målet med involveringsprosessen er at folkevalde, tillitsvalde og tilsette gjennom refleksjon skal bli medvit på kommunikasjonen sin effekt på blant anna arbeidsmiljø og omdøme. Intern kommunikasjon kan vere alt frå kroppsspråk, informasjonsflyt (e-post, brev m.m) og tilgjengelegheit til ansvar/rollar og møteplassar. Kommunikasjonsomgrepet famnar blant anna om etiske og normative grensesnitt og kan påverke både motivasjon og samhandling. 

Folkevalde - kommunikasjonsstrategi.jpg
I møte måtte dei folkevalde sette ord på kva styrker, svakheiter, moglegheiter og trugslar ein per i dag ser i høve den kommunikasjonen som skjer mellom tilsette, hovudtillitsvalde og folkevalde. Fokuset var på å identifisere kva som er positivt og negativt i dag, for så å sjå framover på kva moglegheiter vi har for å gjere den interne kommunikasjonen i kommunen betre.

Bilde av folkevalde.jpg

Den 27. oktober skal dei folkevalde sjå nærare på den eksterne kommunikasjonen og kva virkemidlar som kan vere aktuelt for Aurland kommune. Tenesteleiarar og nokre tilsette er i gjennom same prosess. Innspela etter involveringsmøta dannar grunnlag for vidare arbeid med kommunikasjonsstrategien.