Dei er av det positive slaget og tek ofte eit tak der dei ser det trengst etter eige initiativ. Her kan både snøskuffa og bøtta med strøsand svingast om dei ser behov for det. I tillegg driv dei styrketrening på høgt nivå når tunge dunkar med rest- og papiravfall må trillast gjennom snøen og over brua til samlingsplassen for bosshenting. Vi er svært takknemlege for å ha slike hjelpsame og flinke folk på arbeidslaget vårt på skulen. Slikt blir det godt arbeidsmiljø av!
Allsidige reinhaldarar
FLÅM SKULE: Det er ikkje berre golvmoppen og støvkluten som får svinga seg når reinhaldarane på Flåm skule er på jobb.