Datakurs photoshop og powerpoint
Der er enno nokre ledige plassar på fotokurs som startar i slutten av januar. Pris kr 2200. Påmelding innan 16. januar.
Kurs i PowerPoint 2010 vert arrangert februar/mars. Kurspris kr 2500.
Kontakt biblioteket på tlf. 57 63 18 40 eller 922 45 486 og meld deg på!
Infohagedag - litt lokal seniorsurf tysdag 17. januar
Ta med deg PC-en din eller lån ein av våre, og kom i Infohagen på biblioteket tysdag 17. januar.
Frå kl 11:00 og utover til 13:00 kan du sitje her og surfe, få litt datahjelp eller slå av ein ”dataprat”.
Kaffi vert servert, men du må ta med deg noko å bite i sjølv.
Me tenkjer oss at dette er eit tilbod for ”godt vaksne”, men kom gjerne om du er under 40 og.
Velkomen til ei hyggestund i Infohagen!