Kveldsmøte for alle

17.00 – 19.30 - Kveldsmøte i kantina på ABU for begge skulane. Me håpar på at so mange som mogeleg kjem på kveldsmøtet!

• 17.00-19.00: 2 timar er avsett til skuleområdet på begge skulane. Her vert det gruppeoppgåver/plenumsdiskusjonar.

Bilete og presentasjonar frå synfaringar og diskusjonar på dei ulike skulane på dagtid. Fylkeskommunen presenterer kva moglegheiter som ligg i spelemiddelordninga og kva du kan søkje om tilskot til. Deltakane vert delt inn i grupper der dei skal sitte saman dei som kjem frå dei ulike skulane og deltakarane skal teikne forslag til uteområdet og diskutere dette i plenum.

• 19.00-19.30: Kva tiltak kan me gjere saman for å få innbyggarane meir fysisk aktive?

På kveldsmøtet vil me også ta oss tid til å diskutere tiltak som blir spelt inn frå innbyggjarane i arbeidet med å få ein best mogleg kommunal plan. Me ynskjer å få innspel som me kan ta inn på rullering av handlingsprogrammet vårt for fysisk aktivitet og folkehelse.
Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Aurland kommune

• Kva anlegg bør prioriterast for å fremje fysisk aktivitet i kommunen ?

• Kva tiltak innan ulike område bør settast i verk for å fremje meir fysisk aktivitet i kommunen ?

Innlegg først ved fylkeskommunen, deretter gruppearbeid og plenumsdiskusjon.


Vel møtt!

Arrangør: AURLAND KOMMUNE KULTUR
: Aurland barne og ungdomsskule
Tid: onsdag 21. november 17:00
General