Pizzakveld med politisk engasjement - Aurland Høgre

Aurland Høgre inviterar til samling fredag 23.november kl 19.00.
Den første timen er for ungdom frå 15 til 25 år. Kva ynskjer du for Aurland i åra som kjem? Kva er me gode på og kva kan me bli betre på? Har du lyst til å engasjere deg i det som skal skje? Kom med innspel som me kan jobbe videre med.
Kl. 20.00 er både unge og eldre velkomne til gratis pizza, og etter mat er det idémyldring for alle på korleis vårt program for 2019-2023 skal vere.
Har du lyst til å komme med innspel, engasjere deg, stå på lista til kommunevalet 2019, bli medlem eller berre vere med for å høyre på, so er du velkomen.

Arrangør: Aurland Høgre
: Sognaporten
Tid: fredag 23. november 19:00