Soknemøte Undredal sokn

Det vert gjennomført soknemøte for alle sokna i Aurland.
Vil du at sokna i Aurland skal slåast saman eller fortsetje som i dag?
Det vert med dette kalla inn til soknemøte i Undredal sokn 21. oktober kl. 16.00 i Undredal skulehus.
Sakliste:
Godkjenning av innkalling og sakliste
Val av referent og 2 personar til å signere protokoll
Vurdering av soknesamanslåing (soknemøta gir uttale)
Vurdering av om ein skal ta i bruk Salmebok 2013 (soknemøtet gjer vedtak)
Informasjon og innspel i forhold til lokal grunnordning

I soknemøtet kan berre dei som er medlemmar i Den norske Kyrkja og som er 15 år eller eldre delta og stemme.

Har du tankar og meiningar rundt det om dei 4 sokna skal slåast saman til 1 eller om ein skal fortsetje med fleire sokn, so kom å sei di meining på soknemøtet i ditt sokn. I dag har me Aurland kyrkjestyre som har både fellesråds- og soknerådssaker for alle 4 sokna. Her sit det no 2 faste representantar for kvart sokn (til saman 8 folkevalde), i tillegg til sokneprest og politisk vald representant. Dersom ein fortset med 4 sokn, so vert det 1 liste for kvart sokn til kyrkjevalet 2019. Dersom ein vel å slå saman dei 4 sokna, so vert det 1 liste for heile kommunen. Kvar liste må innehalde minst det antal personar som skal veljast til å sitje som faste og vara i kyrkjestyret.

Velkomen til eit viktig møte for å forme framtida for kyrkja i Aurland!

Arrangør: Kyrkja i Aurland
: Undredal skulehus
Tid: søndag 21. oktober 16:00