«Sommertoget» til NRK kjem til Flåm, har du lyst å bidra? Ope dialogmøte torsdag 4. mai

Invitasjon til ope dialogmøte torsdag 4. mai kl. 16.30 – 18.30 i
Aurland rådhus

28. juli kjem NRK «Sommertoget» til Flåm. I forbindelse med besøket ynskjer NRK mest mogeleg ‘liv og røre’ på stasjonsområde, samtidig er det nokre avgrensinga. Aurland kommune ved kultureininga inviterar til dialogmøte for å få innspel om mogelege bidrag frå frivillige lag og organisasjonar, og som kan markere Aurland kommune på ein positiv måte denne dagen. Alle er velkomne torsdag 4. mai, kl. 16.30-18.30 i kommunestyresalen i rådhuset. Det vert informert om opplegget slik det er skissert frå NRK, me tek i mot forslag, og prøver å komme fram til eit program for dagen.

Aurland kommune, kultureininga v/ Martin Hendriks - tenesteleiar

Arrangør: AURLAND KOMMUNE
: Kommunestyresalen, rådhuset
Tid: torsdag 4. mai 16:30