Skarpt skot frå Skjerdal
Den 8.mai markerer me frigjeringsdagen og heidrar veteranane frå 2. verdskrig og seinare fredsinnsats i internasjonale operasjonar. 

Fred og fridom er ikkje sjølvsagt. Gjennom media ser  me dagleg kor hardt mange er råka av krig, terror og diktatur. Frigjeringsdagen minner oss om behovet for eit sterkt forsvar og internasjonal solidaritet. 

Aurland kommune samlar inn minne frå siste krig, 1940 – 1945. Eg er glad for at så mange fortel om sine opplevingar, det har stor verdi for framtida.
Like etter krigsutbrotet i 1940 vart Flåm bomba. Tyske fly flaug inn og ut Aurlandsfjorden , Aurlandsvangen vart evakuert, og folk søkte dekning under hellarar og på gardar eit stykke unna. Mange var i Skjerdal der flya snudde for å gjera nye framstøyt mot Flåm. Nokre karar ville fyra laus med det dei hadde av våpen. Men kvinnene sa klart frå om at dette var uklokt og farleg. Som eit kompromiss vart det sendt eitt skarpt skot etter flya. Ei klar markering av kampvilje og kva dei meinte om bombinga, men utan å setja seg sjølve i unødvendig stor fare.

8. mai og 17. mai  minner oss om kor verdifullt det er med  fred, fridom og demokrati. Me må heile tida stå opp for desse verdiane, i ånda frå Skjerdal: me fortel kva me står for, me kjempar når det er nødvendig, me tek vare på dei uskuldige og provoserer ikkje fram konfliktar.

Noralv Distad
ordførar